Nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 47 var fyllinga i norske magasin 72,5 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 2,1 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 80,6 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 59,5 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 82,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 47, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.