Nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 47 var fyllingsgraden i norske magasin 76,7 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 2,6 prosenteiningar mot ein auke på 0,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 81,2 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 63,2 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 84,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 47 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.