Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 10.11.2021 , sist oppdatert 24.11.2021

Vassmagasinstatistikk veke 44 2021

Framleis auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 44 var fyllingsgrada i norske magasin 72,2 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 0,8 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 83,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 83,0 prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 63,7 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 44, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.