Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 03.11.2020 , sist oppdatert 04.11.2020

Vassmagasinstatistikk veke 44 2020

Rekordhøg magasinfyllinga for årstida. Ved utgangen av veke 44 var fyllingsgraden i norske magasin 92,8 prosent.

Fyllingsgraden er den høgaste på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,1 prosenteiningar.  

Høgast magasinfylling hadde Aust- Noreg (område 1) med 98,2 prosent, mens Nord-Noreg (område 4) hadde lågast fylling med 89,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 44, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.