Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 02.11.2021 , sist oppdatert 03.11.2021

Vassmagasinstatistikk veke 43 2021

Framleis auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 43 var fyllingsgrada i norske magasin 71,3 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 3,0 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 83,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 83,2 prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 61,4 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 43, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.