Framleis auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 43 var fyllingsgraden i norske magasin 81,2 prosent.

Fyllingsgraden auka med 0,2 prosenteiningar mot 1,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 86,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 88,4 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 70,6 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 84,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 43 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.