Ved utgangen av veke 42 var fyllingsgraden i norske magasin 81,0 prosent

Fyllingsgraden auka med 1,6 prosenteiningar, mot 2,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 86,4 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 88,4 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 70,1 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 84,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 42 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.