Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 19.10.2021 , sist oppdatert 20.10.2021

Vassmagasinstatistikk veke 41 2021

Framleis auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 41 var fyllingsgrada i norske magasin 67,5 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 1,0 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 82,9 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 83,0 prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 56,9 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 41, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.