Større auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 41 var fyllingsgraden i norske magasin 79,4 prosent.

Fyllingsgraden auka med 2,6 prosenteiningar mot 0,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 86,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 87,6 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 67,1 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 83,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 41 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.