Vassmagasinstatistikk veke 40 2020 - NVE

Rekordhøg magasinfyllinga for årstida. Ved utgangen av veke 40 var fyllingsgraden i norske magasin 94,3 prosent.

Fyllingsgraden er den høgaste på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 0,2 prosenteiningar.  

Høgast magasinfylling hadde Midt - Noreg (område 3) med 95,4 prosent, mens Nord-Noreg (område 4) hadde lågast fylling med 92,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 40, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.