Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 01.02.2022 , sist oppdatert 02.02.2022

Vassmagasinstatistikk veke 4 2022

Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 4 var fyllingsgrada i norske magasin 48,9 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,3 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 59,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 63,7 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 40,0 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 4, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.