Større nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 4 var fyllingsgraden i norske magasin 54,2 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 3,6 prosenteiningar mot 2,9 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2018 er 61,1 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 46,9 prosent, medan Midt-Noreg (Elspotområde 3) hadde høgast fylling med 58,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 4 2019, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.