Noko mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 4 var fyllingsgraden i norske magasin 60,2 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,8 prosenteiningar, mot 3,3 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 61,6 prosent, og minimumverdien 36,5 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 67,1 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 52,5 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 61,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 4 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.