Rekordhøg fyllingsgrad for årstida. Ved utgangen av veke 4 var fyllingsgraden i norske magasin 69,3 prosent.

Fyllingsgraden er den høgaste sida 1989. Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,5 prosenteiningar mot 4,2 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 61,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 73,4 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 66,4 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 69,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 4, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.