Vassmagasinstatistikk veke 39 2020 - NVE

Rekordhøg fyllingsgrad for årstida. Ved utgangen av veke 39 var fyllingsgraden i norske magasin 94,1 prosent.

Fyllingsgraden er den høgaste på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 0,9 prosenteiningar.  

Høgast magasinfylling hadde Midt - Noreg (område 3) med 95,6 prosent, mens Nord-Noreg (område 4) hadde lågast fylling med 92,5 prosent.