Framleis oppfylling av magasina. Ved utgangen av veke 39 var fyllingsgraden i norske magasin 76,4 prosent.

Fyllinga auka med 3,0 prosenteiningar mot 3,9 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 86,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 82,6 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 64,9 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 81,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 39 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.