Vassmagasinstatistikk veke 38 2020 - NVE

Meir vatn i magasina. Ved utgangen av veke 38 var fyllingsgraden i norske magasin 93,0 prosent.

Magasinfyllinga gjekk opp med 0,7 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 82,9 prosent.

Nord-Noreg (Elspotområde 4) hadde lågast magasinfylling med 89,8 prosent. Vest-Noreg (Elspotområde 5) hadde høgast fylling med 94,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 38, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.