Magasina er meir enn 70 prosent fulle. Ved utgangen av veke 38 var fyllingsgraden i norske magasin 73,4 prosent

Fyllinga auka med 3,9 prosenteiningar mot 4,0 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 84,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 79,5 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 61,4 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 78,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 38 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.