Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 21.09.2022

Vassmagasinstatistikk veke 37 2022

Ved utgangen av veke 37 var fyllingsgrada i norske magasin 68,1 prosent.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 83,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 0,7 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (prisområde 4) med 89,0 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 50,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 37, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.