Uendra magasinfylling. Ved utgangen av veke 36 var fyllingsgraden i norske magasin 65,5 prosent, tilsvarande som veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 84,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 68,6 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 59,1 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 68,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 36 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.