Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 06.09.2022 , sist oppdatert 07.09.2022

Vassmagasinstatistikk veke 35 2022

Ved utgangen av veke 35 var fyllingsgrada i norske magasin 68,5 prosent.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 80,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,6 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (prisområde 4) med 92,0 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 50,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 35, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.