Vassmagasinstatistikk veke 35 2020 - NVE

Liten nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 35 var fyllingsgrada i norske magasin 91,2 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 0,6 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 81,2 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 85,6 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 93,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 35, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.