Liten nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 35 var fyllingsgraden i norske magasin 65,5 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,4 prosenteiningar, mot ein auke på 1,2 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 83,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 70,1 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 59,8 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 66,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 35 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.