Vassmagasinstatistikk veke 34 2020 - NVE

Meir vatn i magasina. Ved utgangen av veke 34 var fyllingsgraden i norske magasin 91,4 prosent.

Magasinfyllinga auka med 0,5 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 81,0 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 84,9 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 93,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 34, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.