Stadig auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 33 var fyllingsgraden i norske magasin 64,7 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 2,1 proseneiningar, mot 1,7 prosent veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 81,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 70,1 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 57,6 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 66,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 33 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.