Liten auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 31 var fyllingsgraden i norske magasin 60,9 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 0,9 prosenteiningar, mot ein nedgang på 0,4 prosent veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 79 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 66,0 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 54,3 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 62,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 31 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.

1996, 2006 og 2010 er andre år med låg magasinfylling på sommaren:

  • I 1996 var magasinfyllinga i veke 31 55,6 prosent, og steig sakte utover sommaren.
  • I 2006 var magasinfyllinga litt lågare enn i dag i veke 31 (60,1 prosent), og den gjekk litt ned før den steig igjen.
  • I 2010 var magasinfyllinga litt høgare enn no i veke 31 (63,9 prosent), og han steig utover sommaren.

Tabell med historiske tall: http://vannmagasinfylling.nve.no/Default.aspx?ViewType=AllYearsTable&Omr=NO