Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 03.08.2022

Vassmagasinstatistikk veke 30 2022

Ved utgangen av veke 30 var fyllingsgrada i norske magasin 66,5 prosent.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 74,9 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,3 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg (prisområde 3) med 88,4 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 49,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 30, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.