Magasinfyllinga under 60 prosent. Ved utgangen av veke 3 var fyllingsgraden i norske magasin 57,8 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 2,9 prosenteiningar mot 2,0 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2018 er 63,9 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 49,4 prosent, medan Midt-Noreg (Elspotområde 3) hadde høgast fylling med 62,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 3 2019, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.