Uendra nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 3 var fyllingsgraden i norske magasin 63,0 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,3 prosenteiningar, mot 3,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 64,4 prosent, og minimumverdien 38,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 69,6 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 55,1 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 64,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 3 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.