Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 27.07.2022

Vassmagasinstatistikk veke 29 2022

Ved utgangen av veke 29 var fyllingsgrada i norske magasin 65,1 prosent.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 73,3 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,0 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg (prisområde 3) med 87,4 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 48,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 29, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.