Mindre nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 29 var fyllingsgraden i norske magasin 60,4 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,4 prosenteiningar, mot 0,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 75,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 64,7 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 53,0 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 63,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 29 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.

1996, 2006 og 2010 er andre år med låg magasinfylling på sommaren:

  • I 1996 var magasinfyllinga i veke 29 53,8 prosent, og steig sakte utover sommaren.
  • I 2006 var magasinfyllinga omtrent likt som i dag i veke 29 (60,7 prosent), og den gjekk ned med omlag 2 prosenteiningar i løpet av de neste fire vekene før den steg igjen.
  • I 2010 var magasinfyllinga litt høgare enn no i veke 29 (61,7 prosent), og han steig utover sommeren.

Tabell med historiske tall: http://vannmagasinfylling.nve.no/Default.aspx?ViewType=AllYearsTable&Omr=NO