Liten auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 28 var fyllingsgrada i norske magasin 72,3 prosent.

Fyllingsgrada auka med 0,2 proseneiningar.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 72,2 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 67,2 prosent, medan Midt-Noreg (Elspotområde 3) hadde høgast fylling med 82,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 28, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.