Vassmagasinstatistikk veke 27 2020 - NVE

Mindre auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 27 var fyllingsgrada i norske magasin 78,2 prosent.

Magasinfyllinga auka med 3,9 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 70,7 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 65,0 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 89,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 27, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.