Fyllingsgraden litt ned. Ved utgangen av veke 27 var fyllingsgraden i norske magasin 61,4 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,3 prosenteiningar, mot ein auke på 0,4 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 71,0 prosent.


Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 65,5 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 52,6 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 65,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 27 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.