Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Vassmagasinstatistikk veke 26 2021

Fyllingsgrada er litt under medianen. Ved utgangen av veke 26 var fyllingsgrada i norske magasin 65,9 prosent.

Gjennom veka auka magasinfyllinga med 0,5 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 67,9 prosent. 

Høgast magasinfylling hadde Aust-Noreg (område 1) med 75,2 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 56,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 26, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.