Liten endring i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 26 var fyllingsgraden i norske magasin 61,7 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 0,4 prosenteiningar, mot 2,0 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 68,1 prosent, mot 63,2 prosent veka før.


Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 66,4 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 52,2 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 65,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 26 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.