Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Vassmagasinstatistikk veke 25 2021

Framleis auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 25 var fyllingsgrada i norske magasin 65,3 prosent.

Gjennom veka auka magasinfyllinga med 2,1 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 62,5 prosent. 

Høgast magasinfylling hadde Aust-Noreg (område 1) med 75,0 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 54,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 24, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.