Vassmagasinstatistikk veke 25 2020 - NVE

Største auke i magasinfyllinga til no i år. Ved utgangen av veke 25 var fyllingsgraden i norske vasskraftmagasin 64,2 prosent.

Magasinfyllinga auka med 9,6 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 62,5 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 50,3 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 79,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 25, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.