Vassmagasinstatistikk veke 24 2020 - NVE

Framleis monaleg auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 24 var fyllingsgraden i norske vasskraftmagasin 53,5 prosent.

Magasinfyllinga auka med 8,2 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 59,0 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Vest-Noreg (Elspotområde 5) med 41,1 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 67,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 24, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.