Litt større auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 24 var fyllingsgraden i norske magasin 59,3 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 2,5 prosenteiningar, mot 2,1 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 57,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 65,7 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 47,6 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 62,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 24 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.