Mindre auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 23 var fyllingsgraden i norske magasin 56,8 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 2,1 prosenteiningar, mot 5,1 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 52,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 63,4 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 46,0 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 59,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 23 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.