Framleis auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 22 var fyllingsgraden i norske magasin 54,7 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 5,1 prosenteiningar, mot 4,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 47,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 61,3 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 44,5 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 56,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 22 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.