Vassmagasinstatistikk veke 21 2021 - NVE

Meir vatn i magasina. Ved utgangen av veke 21 var fyllingsgrada i norske magasin 47,3 prosent.

Gjennom veka auka magasinfyllinga med 4,6 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 44,3 prosent. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest-Noreg (område 2) med 56,7 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 27,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 21, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.