Nær halvfulle magasin. Ved utgangen av veke 21 var fyllingsgraden i norske magasin 49,6 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 4,6 prosenteiningar, mot 7,1 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 44 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 55,5 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 40,6 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 50,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 21 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.