Vassmagasinstatistikk veke 20 2021 - NVE

Auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 20 var fyllingsgrada i norske magasin 42,4 prosent.

Gjennom veka auka magasinfyllinga med 4,3 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 39,0 prosent. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest-Noreg (område 2) med 52,0 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 23,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 20, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.