Framleis stor auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 20 var fyllingsgraden i norske magasin 45,0 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 7,1 prosenteiningar, mot 9,8 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 39,1 prosent, og minimumverdien 23,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 50,1 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 36,6 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 46,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 20 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.