Vassmagasinstatistikk veke 2 2021 - NVE

Framleis sterkare nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 2 var fyllingsgraden i norske magasin 74,6 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 3,6 prosenteiningar. Fyllingsgraden er 1,0 prosenteiningar under den høgaste på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest- Noreg (område 2) med 81,8 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 67,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 2, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.