Litt under normal magasinfylling. Ved utgangen av veke 2 var fyllingsgraden i norske magasin 66,3 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,4 prosenteiningar, mot 2,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 66,5 prosent, og minimumverdien 40,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 72,8 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 58,1 prosent, litt under medianen på 64,5 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 68,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 2 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.