Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 16.05.2022 , sist oppdatert 18.05.2022

Vassmagasinstatistikk veke 19 2022

Ved utgangen av veke 19 var fyllingsgrada i norske magasin 23,2 prosent.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 37,5 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 2,3 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 36,8 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 11,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 19, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.