Vassmagasinstatistikk veke 19 2020 - NVE

Framleis nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 19 var fyllinga i norske magasin på 33,1 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 1,1 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 37,6 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Aust-Noreg (Elspotområde 1) med 21,1 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 45,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 19, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.